Ledigt jobb

Kvam Herad i Brønnøysund

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega?

Me søkjer etter ny miljøterapeut i 100 % fast stilling frå snarast. Stillinga inneber dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.

  • Gruppa gjev tjeneste til personar i 5 ulike bufellesskap: Utsikten, Stoppelsgjerd, Bergtun, Gropa og Gropaflaten
  • Me har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar.
  • Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar.
  • Mykje av arbeidet vårt foregår i team.

Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
  • I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Legemiddelhandtering, dosering og ansvar for medisinrom, injeksjoner, NEWS målingar mm
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer
  • Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak
  • Primærkontaktansvar

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss ein medarbeidar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement for miljøarbeid

  • Autorisert vernepleiar/sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg at du har arbeidserfaring med autisme, psykisk utviklingshemming og åtferdsvanskar
  • Førarkort klasse B
  • Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Me ynskjer oss deg som:
  • har solid fagleg forankring og god gjennomføringsevne
  • har evne til både sjølvstendig arbeid og i team
  • er lojal mot avgjerder som er tekne i arbeidsgruppa
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.