• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4870124
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljøterapeut 50% fast, Vågaleitet omsorgsteam

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapeut 50 % fast Vågaleitet omsorgsteam

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Vågaleitet omsorgsteam yter tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Det er fellesmåltid ein gong i veka og andre fellesaktivitetar i regi av basen. Vi er ei flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe av vernepleiarar, hjelpepleiarar,  helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har no ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut. 10 % er knytt til timebank. Stillinga er ledig frå snarast. Det er årsturnus med lang vakter på inntil 14 timar med arbeid 4 kvar helg. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging i forhold til helse og omsorgstjenesteloven kap. 9 og pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a.

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon frå 3-årig høgskule utdanning innan helse, fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år.
  • Sertifikat klasse B
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid

 

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Godt humør

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 55 09 73 11/ 41 41 55 21

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4870124
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune