• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3029873
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljøterapeut 50% fast - Grønebakkane avlastning

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

MILJØTERAPEUT 50 % FAST – GRØNEBAKKANE AVLASTING

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Grønebakkane avlasting gjer tilbod om avlasting til familiar som har barn og unge vaksne med nedsatt funksjonsevne. Brukargruppa er i hovudsak barn og unge med psykisk utviklingshemming med varierande hjelpebehov og tilleggsdiagnosar. Personalgruppa er tverrfagleg samansett, har eit godt fag- og arbeidsmiljø. Avlastingsbustaden ligg sentralt i Skogsskiftet nær offentleg transport og kommunedelsenter.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøterapeutisk arbeid knytt til barn og unge vaksne som har avlastingsopphald
  • Medikamenthandtering
  • Arbeid etter kap.9 , vedtak, oppfølging og rettleiing
  • Samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Koordineringsansvar og ansvar for IP, deltaking i ansvarsgrupper
  • Rettleiing av kollegaer, studentar og elevar

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon vernepleier/ sjukepleier

Andre med 3-årig helsefagleg utdanning, eller autorisert helsefagarbeider med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om ikkje andre kvalifiserte søkjarar søkjer.

  •  

Ønskjeleg med: 

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med psykisk utviklingshemming med samansette vanskar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Vere kjend med elektronisk klientsystem
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar:

  • Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å gje det lille ekstra i møte med tenestemottakar og familie
  • Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for arbeid med barn og unge med nedsatt funksjonsevne/psykisk utviklingshemming

Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt.

Anna: 

  • Gyldig politiattest må førevisast for den som blir tilsett
  • Arbeid i turnus med arbeid kvar 4dje helg i langvakter på 12,5 t

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Kst. Einingsleiar Ingebjørg Børnes mob: 482 04 179

Avdelingsleiar Ruth Sangolt, mob 906 53 867

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3029873
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.07.2020