• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4323478
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut - 45-50% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

 Det er ledig omlag 50% vikariat som miljøterapeut ved Vestbygdskule i perioden snarast – 31.07.2022. Stillinga vil være både i skule og SFO fordelt på måndag, tysdag og fredag.

Om Vestbygd skule
Vestbygd skule ligg fint til i Holmemarka fem minutt nordvest for Frekhaug i Alver kommune. Skulen har eit flott uteområde som innbyr til mange ulike aktivitetar. Skulen er med i programmet "Trivselslederne".

Skuleåret 2021/22 har skulen 174 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Det er språkdeling på fleire trinn. Det er omlag 35 tilsette ved skulen, og eit godt arbeidsmiljø. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppfylging av enkeltelevar i skulekvardagen.
  • Gjennomføre individuell opplæring etter instruks frå pedagogar og leiinga.
  • Delt på ansvarsgruppe møter kring einskildelevar.
  • Delta aktivt i det systematiske arbeide for eit trygt og godt klasse- og skulemiljø.
  • Delta i oppfylging av særleg sårbare barn.
  • Arbeide ilag med det pedagogisk personale og leiinga i praktisk tilrettelegging av einskild elevar sin skulekvardag.
  • Bidra til godt samarbeid med kollegar, foreldre og andre faginstansar. 

Kompetanse

Relevant høgskuleutdanning t.d. vernepleiar, barnevernspedagog og erfaring frå tilsvarande arbeid eller anna barne- og ungdomsarbeid.

Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):
Du må vere ein god relasjonsbyggjar med sterk interesse for arbeid med barn/unge.

Vi vektlegg at du:
- kjem lett i kontakt med barn og unge, er leiken, kreativ og initiativrik
- er ein god samtalepartnar med evne til å lytte
- er ein trygg og tydeleg vaksenperson som barn og unge lett får tillit til
- er ein person som er meistrar godt å arbeide med barn med særskilde utfordringar
- er stabil, forutsigbar, robust og har godt humør
- er god på å samarbeide
- held deg fagleg oppdatert

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordninga

Politiattest

 Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4323478
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.01.2022