• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    29.12.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4202118
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

Miljøterapeut 5 x 100 % stilling og 3 x 100 % vikariat

Vestnes kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Vi søkjer etter miljøterapeut til 5 x 100 % og 1 x 80 %  stillingar og vikariat i 3 x 100 % stillingar. Vikariata har varigheit i omlag 1 år.  Oppstart i stillingane og vikarariata er frå snarast.

Arbeidstid:
Stillingane er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. 

Arbeidsstad faste stillingar:
Skogvegen 
Solstua 
Vestneshaugen 
Furulia

Arbeidsstad vikariat:
Kariplassen
Bakketun

Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. 

Tenestestadane ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. Eining for aktivsering og meistring gir tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tenesta blir gitt i heimen til den einskilde og er individuelt tilrettelagt.

Arbeidsoppgåver
- nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
- observere, registrere og kartlegge. Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- medikamenthandtering (dersom helsepersonell)
- gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutinar i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som fortrinnsvis er utdanna vernepleiar eller andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial eller pedagogiske fag. Gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse, målretta miljøarbeid, handtering av utfordrande åtferd m.m.
For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- ferdigheiter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettelegging
- ønskeleg med kompetanse i handtering og førebygging av utfordrande åtferd
- rettleiingskompetanse
- ha gode kommunikasjonsevne
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- du må ha førarkort kl B

Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- evne til å skape "det gode liv" for tenestemotakaren

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- tilsette i miljøterapeutstilling ved Kariplassen A som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 501 600,-
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av løna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Har du spørsmål om stillingane ta kontakt med leiar:
Einingsleiar Ina Killingrød Greve tlf. 974 82 775
Avdelingsleiar Linda Gravem tlf. 400 90 679 (Solstua, Furulia) 
Avdelingsleiar Ingrid Aarnes tlf. 958 72 738 (Kariplassen)
Avdelingsleiar Laila Leirstad tlf. 480 97 947 (Vestneshaugen, Bakketun)
Avdelingsleiar Terje Vestnes tlf. 922 24 496 (Skogvegen) 

Referanse
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.


Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 
  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    29.12.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4202118
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune