Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
21.08.2021Stillingsfunksjon
MiljøterapeutAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3968529Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 04.08.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut i døgnturnus ("medlevar")
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Ønsker du å bidra til å gjere ein forskjell med brukarperspektiv og arbeidsmiljø i fokus? Då er du kanskje den som vil vere med å starte opp vårt nye tiltak i Førde bu og miljøteneste, eining 3?
Tenestene våre er ettertrakta og vi skal no etablere og skape ei ny «satelittavdeling» for å imøtekomme eit individtilpassa behov. Ønsker du å vere med å bygge opp vår nye avdeling med heildøgnteneste og arbeide i døgnturnus? Du bur og arbeider ved avdelinga ved fleire døgn/kombinert med langvakter – for deretter å ha langfri.
Dersom du har eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit kompetent fagmiljø basert på eit fagleg og målretta miljøarbeid, så er dette stillinga for deg.
Vi har ledig følgande stilling:- 100 % fast stilling som miljøterapeut
Stillinga er i døgnturnus/langvaktsturnus, med arbeid 4.kvar helg.
Arbeidsoppgåver:- sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa og at du har brukarar i fokus
- ansvar for legemiddelhandtering
- kartleggingsarbeid
- sikre at gjeldande lovverk, vedtak og bestemmelsar blir følgde
- samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
- vere ein pådrivar til fagleg utvikling, evaluering og rettleiing
- sikre journalføring i fagprogrammet cosdoc
- fokus på aktivitetar, ernæring og å auke livskvaliteten til brukar
- autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- det er viktig at du har kunnskap og erfaring innan helse-og omsorgstenestelova kap 9 og at du har erfaring innanfor miljøretta arbeid og psykisk utviklingshemming
- førarkort
- godkjent politiattest
- gode IKT kunnskapar
- personlege eigenskapar vektast høgt
- er ein god lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- trivast med å arbeide tett med anna personale, og samstundes som du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- handterar utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
- er fleksibel, endringsvilleg og har evne til å sette grenser
- er god på relasjonsbygging og skape tillit
- er fagleg oppdatert og engasjert
- påliteleg og ansvarsbevisst. Du må kunne leie deg sjølv og andre
- har ei fysisk god helse
- godt arbeidsmiljø med kjekke, engasjerte og fagleg gode kollegaer
- spennande og faglege utfordringar
- opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- turnus med arbeid 4.kvar helg i ein alternativ døgnturnus/langvakter der du jobbar 2-1 med ein brukar (HOL kap. 9).
Vi oppfordrar menn til å søke for å sikre utjamning av kjønnsfordelinga i eininga.
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
21.08.2021Stillingsfunksjon
MiljøterapeutAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3968529Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 04.08.2021