Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
19.06.2021Stillingsfunksjon
MiljøterapeutAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3900407Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 02.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spanande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ønsker å levere gode og meiningsfulle tenester der fagutvikling står sentralt.
Vi har ledig:
100 % mellombels stilling som miljøterapeut
- Vi søker etter vernepleiar eller sjukepleiar.
- Andre med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan bli vurderte for stillinga.
Stillinga er ledig frå 16.08, eller etter avtale og fram til og med 30.04.2022.
Arbeidet er for tida organisert i 3 delt turnus, med arbeid 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:- dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- primærkontaktansvar. Utarbeide, følgje opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
- koordinere og fylgje opp ansvarsgrupper
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
- journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
- rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som verne- eller sjukepleiar
- gode IKT kunnskapar
- kommunisere godt på norsk, munnleg og skriftleg
- det er ønskeleg med kjennskap til brukargruppa og til helse og omsorgstenestelova kap. 9
- førarkort klasse B
- politattest må leverast før oppstart i stilling
Vi søker deg som:
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide i team likegodt som sjølvstendig
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel, stabil og har evne til endring
- er fagleg oppdatert og engasjert. Ein pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene. Har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
Kva tilbyr vi:
- engasjerte kollegar og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus.
- varierte og spanande faglege utfordringar
- god opplæring
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- løns – og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du må søke elektronisk.
VI ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
19.06.2021Stillingsfunksjon
MiljøterapeutAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3900407Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 02.06.2021