Detaljer

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3375478
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Miljøterapeut

Naustdal Bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlige tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester.

Vi yt tverrfaglige tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ADL, ernæring, ativiteter og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar

Vi søker etter:
  • vernepleiar eller deg med 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning i 100 % fast stilling
Krav til stillinga

Vi søker deg som: 

  •  har 3 års helse- og sosialfagleg utdanning
  •  har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
  •  har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  •  har evne til å samarbeide i team like godt som sjølvstendig
  •  er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
  •  har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  •  har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  •  har førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver:
  • sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk, vedtak og bestemmelsar blir følgde
  • sikre at nødvendige dokument og planar blir utarbeidd
  • ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing
  • sikre journalføring- vi nyttar fagprogrammet cosdoc

 

Vi legg vekt på at du:
  • er ein god lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
  • handterer utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
  • er fleksibel, stabil og endringsvilleg
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert

Politiattest må leverast før start i stilling. Du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!