Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
13.09.2023Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5242071Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 17.08.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gulen kommune
Miljøterapeut 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Langvaktturnus med komprimert arbeidstid og periodar med langfri.
Kom til Gulen kommune! Du er hjartleg velkomen.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.
Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen.
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut (vernepleiar eller annan relevant høgskuleutdanning) frå 02.10.2023.
For tida vil dette vere stillingar med langvaktturnus med komprimert arbeidstid og periodar med langfri. Det er mogleg med overnatting på arbeidsstaden. For meir informasjon om denne turnusordninga, ta kontakt med kontaktperson i annonsen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- Legge til rette for og bistå personar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Godkjent autorisasjon som vernepleiar eller anna tilsvarande høgskuleutdanning. Andre kan verte vurdert for mellombels stilling
- Kan delta på ulike aktivitetar som til dømes turar, bading i basseng, gardsbesøk og andre aktivitetstilbod
- Førarkort klasse B (manuell gir)
- Kommuniserer godt på norsk
Personlege eigenskapar
- Er engasjert og har fokus på målretta miljøarbeid og vert motivert av å yte gode tenester til personar med særskilde behov
- Kan bidra til sjølvbestemmelse, inkludering og deltaking
- Er stabil, fleksibel og reflektert over eigen arbeidspraksis
- Har gode samarbeidsevner, er positiv til endring og utvikling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg
- informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Kommunen tilbyr løn over tariff i denne stillinga på 30 000kr. Dette er eit mellombels tiltak, og skal evaluerast ved seinare høve. Kommunen har også innført ekstra tillegg med 50kr/t på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
13.09.2023Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5242071Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 17.08.2023