Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4710342Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 28.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Miljøterapeut 25% fast - Rus og psykisk helse, Hidlamyra butilbod
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøterapeut 25% fast, – Rus og psykisk helse, Hidlamyra butilbod
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Innan eininga Rus og psykisk helse er det no ledig stilling som helsefagarbeidar i det heildøgnsbemanna butilbodet, Hidlamyra. Vi gjev tenester til brukarar busett i omsorgsbustader. Bustadane er sentralt plassert i Skogsvåg.
Stillinga er knytt til årsplan med 16 helger i året, todelt turnus.
Stillinga har nokre seinvakter på kvardagar. Helgene er plassert i turnus med ulikt intervall mellom helgene.
Øygarden kommune tilbyr timebank, stillinga kan (dersom ledig) utvidast med timebank.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med ønska kvalifikasjonar, vil vi vurdera tilsetjing av fagarbeidar i stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Heilhetleg oppfølging av brukarar
- Legemiddelhandsaming, delegert ansvar.
- Dokumentasjon og utføring av tiltak knytt til vedtak etter kapittel 9 i Helse og omsorgstenestelova
- Bruke aktivt kvalitet og avvikssystem
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Tilfredsstillande politiattest
Ønskjeleg med:
- Erfaring med arbeid med menneske med psykiske vanskar
- Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemma/tvang knytt til kapittel 9 i Helse og omsorgstenestelova.
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Medarbeidar med høg fagleg bevisstheit
- Positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Trygg i seg sjølv, robust
- Ønske om å bidra positivt inn i personalgruppa
- Open for utfordringar
- Taklar stress og hektiske situasjonar på ein god måte
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Regelmessig veiledning
Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, avdelingsleiar i Hidlamyra butilbod,
Tlf: 99 21 29 53 / 94 15 55 60.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4710342Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 28.07.2022