• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2021
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4095169
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% vikariat , Straumsfjellet avlastning

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Straumsfjellet avlasting gjer tilbod om avlasting til familiar som har born og unge vaksne med nedsatt funksjonsevne. Brukargruppa er i hovudsak born og unge med psykisk utviklingshemming med varierande hjelpebehov og tilleggsdiagnosar. Personalgruppa er tverrfagleg samansett, har eit godt fag- og arbeidsmiljø. Avlastingsbustaden ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter.

Vi har ledig 100% vikariat som Miljøterapeut

Arbeidsoppgåver:

Miljøterapeutisk arbeid knytt til born og unge vaksne som har avlastingsopphald

  • Medisinsk oppfølging på somatisk sjuke born og unge
  • Medikamenthandtering
  • Arbeid etter kap.9 , vedtak, oppfølging og rettleiing
  • Samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Koordineringsansvar og ansvar for IP, deltaking i ansvarsgrupper
  • Rettleiing av kollegaer, studentar og elevar

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon vernepleier/ sjukepleier
  • Andre med 3-årig bachelorutdanning med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om ikkje  kvalifiserte søkjarar søkjer.

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med born og unge med psykisk utviklingshemming med samansette vanskar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Væra kjend med elektronisk klientsystem
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar:

  • Evne til samarbeid, men også kunne jobba sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å gje det lille ekstra i møte med tenestemottakar og familie
  • Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for arbeid med born og unge med nedsatt funksjonsevne/psykisk utviklingshemming

Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt.

Anna:

  • Gyldig politiattest må førevisast for den som blir tilsett
  • Årsplan på 52 veker, med ulike arbeidstidsordningar.  Bl.a langvakter på 13 timar i vekene og helger.
  • Vikariat frå snarast til 01.08.2022

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar, Hildegunn Vengen, mob 902 72 800

Avdelingsleiar, Ruth Sangolt, mob 906 53 867

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2021
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4095169
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune