Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
07.05.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5710688Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljøterapeut 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
I Oppfølgingstenesta i sone Straume er det ledig vikariat i 100% stilling frå snarast.
Avdeling Psykisk helse og Rus i Øygarden kommune er delt inn i tre soner, Oppfølgingstenesta er ein del av tilbodet i avdelinga og består av tverrfagleg samansette team som gjer tilbod til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og- / eller rus. Tenestene som ytes er vedtaksbasert.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt miljø, der du får god nytte av din faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.
Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve til lovverk, retningslinjer og vedtak.
Kartleggingsarbeid
Rettleiing
Praktisk bistand
Nettverksarbeid
Koordinere tenestetilbodet, delta i samarbeidsmøtar/ ansvarsgruppe
Individuell plan
Tilvise til behandling
Journal- og dokumentasjonsansvar
Legemiddelhandtering
Fullført treårig helse-/sosialfagleg høgskuleutdanning som sykepleier/vernepleier/sosionom eller anna relevant utdanning. Det er naudsynt med erfaring frå liknande arbeid.
Førerkort klasse B
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Evne til å jobbe sjølvstendig
Stor grad av fleksibilitet
Gode samarbeidsevner
Må vere løysingsfokusert
Evne til å jobbe strukturert og målretta
- Vikariat 12 mnd
- stillinga er på dagtid
En spennende og lærerik arbeidshverdag
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Godt arbeidsmiljø
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Avdelingsleiar Saritha Hovland tlf 47649378
Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
07.05.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5710688Se her for andre jobber fra Øygarden kommune