• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4315723
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut - 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ungdomskontakten Salto er eit interkommunalt tiltak finansiert av Knarvik senter og kommunane Modalen, Masfjorden, Alver og Fedje i fellesskap. Alver kommune har ansvar for den daglege drifta av tiltaket.

Vi har ledig årsvikariat som miljøterapeut frå 1.4.22.

Om Ungdomskontakten Salto
Ungdomskontakten Salto er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 13 og 20 år lokalisert i Knarvik senter. Ungdomskontakten Salto er ein treffstad der ungdom kan kome innom og prate med venner og med dei vaksne som jobbar der. Tilsette driv også oppsøkjande verksemd i Knarvik senter og ut mot skulane. Tiltaket er tenkt å vere eit rus- og kriminalitetskonkurrerande tilbod.

Arbeidsoppgåver

Personalet er ein viktig vaksenkontakt for ungdommane. Dei kan slå av ein uformell prat, men kan og vere ein viktig kanal for å fange opp ungdom i risiko. Personalet har tett kontakt med samarbeidspartar innan skule og andre kommunale tenester, og kan hjelpe ungdom som treng det å få kontakt med rett hjelpeinstans.

I tillegg til å vere tilstades i opningstida til Salto, driv dei tilsette oppsøkjande arbeid i og omkring Knarvik senter og ut mot skular i regionen.

Dei tilsette tilbyr også etter avtale AART-grupper til skulane i regionen.

Ønskjeleg kompetanse:

Relevant høgskuleutdanning,  erfaring med AART eller anna utdanning /erfaring som kan kompensere for formell utdanning.

Vi ser etter ein person med følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • har erfaring, interesse og engasjement for arbeid med ungdom
  • er god på kommunikasjon, samarbeid, samhandling og relasjonsbygging
  • har god evne til å byggje relasjonar og evne til etisk refleksjon
  • har evne til å ta avgjerder, vere strukturert, målretta og systematisk
  • er god på å jobbe i team, samstundes som du kan vere sjølvstendig i arbeidet
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i di yrkesutøving
  • framstår som ein tydeleg, inkluderande og trygg vaksenperson
  • er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
  • har positiv innstilling og godt humør
  • er fleksibel i høve arbeidstid (m.a. kveldsvakt ein gong i veka, samt ved nattope i senteret)
  • har erfaring med ART

Ved tilsetjing blir det lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.

Det er til tider behov for at du disponerer bil i tenesta.

Vi tilbyr

Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø.

Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4315723
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.01.2022