• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    06.11.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5913096
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 14.10.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Aukra kommune

Miljøterapeut 100 % fast - Psykisk helse og rus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Liker du å vere aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje; Ledig fast stilling som miljøterapeut innan psykisk helse- og rustenesta i Aukra!

 

Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Den som vert tilsett skal ha tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak ha ansvar for lavterskeltilbod og bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Stillinga inneber tett samhandling med andre tenester. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men ein må pårekna noko arbeid utanfor kjernetid ved behov. Næraste leiar er einingsleiar.

 

Om eininga/avdelinga
Stillinga er organisert i tenester for psykisk helse og rus som høyrer til under Tenester for heimebuande. Eininga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, psykisk helse og rus og dagsenter for eldre. Tenesta psykisk helse og rus driv lavterskeltilbod, førebyggande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging. Tenesta har fire tilsette. Dei bistår ungdom og vaksne med ulike utfordringar. 

Om du har høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag, og har lyst å bidra til utvikling av tenestetilbodet i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du arbeider sjølvstendig, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne.


Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;

3-årig helse-/sosialfagleg utdanning frå høgskole evt. helsefag med solid erfaring frå feltet
Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne

Personelg eignaheit vert vektlagt


Kompetanseheving
Tilgang på e-læringskurs

Vi tilbyr

  1. En spennende arbeidsplass med utfordrende oppgåver
  2. Utdanningsstønad til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør i Kompetanseplan
  3. Tilbod om deltaking på kurs
  4. Løn etter avtale/etter gjeldande tariffavtale
  5. Flyttegodtgjersle
  6. Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

 Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Send søknad!
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling". Vi gler oss til å sjå din søknad!

Rekrutteringsfilm frå Aukra kommune:

https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 

 

 

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    06.11.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5913096
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 14.10.2024