• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3502734
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 22.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% fast - Flyktningtenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Flyktningtenesta arbeidar med busettinga av flyktningar, samt føl dei opp under deltaking i introduksjonsprogrammet. Dei siste åra har kommunen busett fleire flyktningar med helseutfordringar, noko som set krav til hjelpeapparatet. Særleg i perioden like etter busettinga vil dei vi buset ha trong for tett miljøretta oppfølging, samt etter individuelle behov utover busetjingsfasen. Kommunen har etablert eit Kraftsenter for inkludering som inneber samlokalisering av tenester til flyktningar. Fleire helsetenester, vaksenopplæringa og Flyktningtenesta er lokalisert nært i saman og arbeidar integrert rundt oppfølgingsarbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging i bustad og miljøretta arbeid i heimen
  • Praktisk hjelp i kontakt med offentlege instansar
  • Samarbeide med helsetenester og andre tenestestader i kommunen
  • Formidla kunnskap og informasjon om det norske samfunnet
  • Informasjon til lokalsamfunnet, samt dialog og samhandling med frivillige lag og organisasjonar

Kvalifikasjonar:

  • Det er krav om helsefagleg eller sosialfagleg utdanning på bachelor nivå.
  • Det er krav om sertifikat
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Framandspråklege søkjarar må kunne godt norsk både munnleg og skriftleg.

Ønskjeleg med:

  • Kjennskap til målgruppa, og fleirkulturell forståing
  • Erfaring frå relevant arbeid med einskildpersonar eller familiar

Personlege eigenskapar:

  • Har gode servicehaldningar og god kommunikasjonsevne
  • Har evne til å arbeide i team og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og initiativrik

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar, Monica Pedersen: 9078861

Avdelingsleiar, Kristoffer Møvik: 41428599

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3502734
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 22.02.2021