• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4695029
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Miljøterapeut - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut ved psykisk helse og rus teneste - avdeling heimebuande. Avdelinga gjev tilbod på dagtid, men arbeid på kveld kan forekomme. Stillinga er primært knytt til kontoret i Knarvik, men arbeid på Frekhaug og Manger må påreknast etter behov. Stillinga er ledig frå 1 oktober.

Om Psykisk helse og rus teneste

Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga har driftskontor på Manger, Knarvik og Frekhaug. 

Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til unge og vaksne som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod.

Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukarar gjennom kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler
  • Leggje til rette for aktivitet og at brukar skal kunne meistre eigen kvardag
  • Medisinoppfølging/LAR
  • Delta i gruppetilbod og aktivitetstilbod
  • Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne instansar om eit heilskapleg tenestetilbod
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid
  • Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning, eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Arbeidserfaring frå rus- og psykisk helsearbeid
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

  • Vidareutdanning innan rus, psykisk helse eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav

Lang og brei erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som

  • har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
  • er god på kommunikasjon, samarbeid og samhandling
  • har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
  • er glad i å jobbe i team, samt trivst med sjølvstendig arbeid
  • er tolmodig og god til å motivere andre
  • har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
  • er opptatt av å leggje til rette for brukarmedverknad
  • er fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vert vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
Rettleiing
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4695029
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune