Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2020
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3284127
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Miljøterapaut i 100% stilling

Om stillinga

Alver kommune, psykisk helse og rusteneste søkjer ny medarbeidar til «Arbeidsaktiv». Arbeidsaktiv er eit arbeid,-  og aktivitetstilbod for personer med rusrelaterte helseproblem. Måla er å auka meistring og betre livskvalitet gjennom aktivitetar, trening og arbeid. Dette er med på å gjere den enkelte deltakar betre rusta til å ta steget ut i arbeid, eller kunne nyttiggjere seg av tilboda NAV har på dette området. Gjennom arbeid og aktivitet prøver me å ivareta den enkelte deltakar sine ønskjer og behov, slik at utfordringar og krav vil gje gode opplevingar av mestring og utvikling. Arbeidsaktiv vil i tida framover ha auka fokus på tilbod i form av fysisk aktivitet og friluftsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og tilretteleggje for arbeid og aktivitet saman med brukar
  • Rettleie til auka mestring gjennom tilpassa støtte og opplæring i utføring av arbeidsoppgåver
  • Skape eit godt miljø og gode arbeids- og aktivets oppgåver for deltakarane
  • Generelt vedlikehald
  • Arbeidsoppgåver vil variere etter behov

Kompetansekrav

  • Utdanning innan helse og sosialfag er å føretrekke, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

Følgande personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Du har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan rusfeltet
  • Du har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
  • Du er tålmodig og god til å motivere andre
  • Du har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
  • Du er opptatt av og legge til rette for brukarmedverknad
  • Du er omgjengelig, imøtekommande og framstår som ein god rollemodell. Du er robust, støttande og trygg
  • Er praktisk/handy

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning
  • Et hyggelig arbeidsmiljø
  • Løn og tilsetjingsvillkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helsepersonellov vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.