• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4250143
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 02.12.2021
Ledig stilling

Øygarden kommune

Miljørettleiar/Miljøkonsulent 4x100% fast - Barneverntenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden barnevernteneste treng fleire kloke medarbeidarar for å bidra til at barn og familiar får hjelp til endring!

Om avdelinga:

Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, PPT og barn, unge og familietenester under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team; einslege mindreårige flyktningar, tiltak/undersøking, ettervern, omsorg og stab. For å nå måla i barnevernreforma er tenesta og kommunen i stor utvikling. Vi ynskjer å utvikle eit robust, fleksibelt og effektivt kommunalt tiltaksapparat som i stor grad er tilpassa barn og familiane sitt behov. I dette tiltaksapparatet vil desse stillingane inngå som ein viktig del. Kommunen er også i ferd med å opprette interkommunal barnevernvakt i samarbeid med Askøy kommune.

Miljørettleiarane/miljøkonsulentane skal arbeide etter vedtak og mandat frå sakshandsamar i barneverntenesta.  I stillingane vil det være fleksibel arbeidstid med både dag og kveldsarbeid, med gjennomsnittleg arbeid 2 ettermiddagar i veka, og ei helg i månaden (dvs. ein laurdag eller sundag i månaden).  

 

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid i og utanfor heimen
  • Både endringsretta og kompenserande
  • Rettleiing til barn, ungdom og familiar
  • Praktisk arbeid i familiar
  • Hjelpe familiar til å mobilisere «landsbyen» kring dei
  • Skriftleg dokumentasjon av arbeidet
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Utvikling av hjelpetiltak i barneverntenesta
  • Ein må pårekna å vitne i saker for Fylkesnemnda eller annan rettsinstans

Dette er nyoppretta stillingar i barneverntenesta og ein må rekne med at arbeidsoppgåvene i stillingane vil kunne endre seg i tråd med skiftande behov i tenesta.

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom eller relevant fagbrev
  • Erfaring frå 1.linje barnevern eller lignande arbeid kan kompensera for manglande utdanning 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort kl B

Ønskjeleg med:

  • Relevant vidareutdanning
  • Sertifisering i COS, ISDP, Marte Meo eller andre evidensbaserte rettleiingsmetodar

Personlege eigenskapar:

  • Du har god relasjonskompetanse og er opptatt av gode menneskemøter
  • Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Du tolar høgt arbeidspress
  • Du evner å kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Du er kreativ og løysingsorientert

Det leggjast avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4250143
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 02.12.2021