Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
27.11.2022Stillingsfunksjon
MiljørettleiarHeltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5610, ØYSTESE
KVAM
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
4869624Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 11.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Oppveksteininga - skulane i Kvam
Miljørettleiar i grunnskuleOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vera ein del av miljørettleiar- laget i skule?
Kvam herad styrker laget rundt elevane med fem nye miljørettleiarar i 80 % stilling kvar til barne- og ungdomsskulane våre.
Me søkjer trygge og gode miljørettleiarar som brenn for at elevane skal ha det bra på skulen! I denne stillinga får du jobba med einskild elevar, på klassetrinn og laga miljøtiltak på skulenivå. Me treng modige og trygge vaksne som likar elevane, viser at dei har tru på dei og finn løysingar om noko er vanskeleg.
I Kvam veit me at:
- all åtferd er
språk
- elevane gjer
så godt dei kan
- alle elevar
høyrer heime på skulen
- elevar er
ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskeleg
I tillegg til arbeidet på ein eller to skular, får
miljørettleiarane treffa kvarandre for å dela erfaringar og kompetanse, og vera
med på å laga system innan trygt og godt skulemiljø i Kvammaskulen. Som
miljørettleiar jobbar du tett med leiinga på skulen, hjelpetenester og dei
andre miljørettleiarane i Kvam. Miljørettleiarane kan også få
rettleiingsoppgåver inn mot tilsette i skulen, og gi informasjon til/
samarbeida med føresette. Då det er ledige stillingar på ulike skular, er det
fint om du oppgir om du har preferansar med tanke på alderstrinn og skule.
Arbeidsoppgåver
- Direkte arbeid med einskilde elevar og elevgrupper med ulike utfordringar; i klasserom, ute, på andre opplæringsarenaer evt. heime hjå elevar
- Samarbeida tett med kontaktlærarane og andre tilsette på skulen og saman utvikla gode læringsarenaer for elevane
- Samtala med einskilde elevar, organisera aktivitetar i friminutt, og iverksetja miljøførebyggjande tiltak og rutinar på individ, gruppe og skulenivå
- Samarbeida med og rettleia lærarar/støtteteam og leiing ved skulen
- Samarbeida med andre instansar ved behov; helsesjukepleiar, PPT, barnevern, BUP osv
- Ha opplæring med og støtta elevrådet ved skulen
- Skapa gode relasjonar med elevar og føresette
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning (min. bachelor); barnevernspedagog/vernepleiar/sosionom/helse/pedagogikk
- Relevant vidareutdanning eller arbeidserfaring knytt til barn med samansette utfordringar(relasjon- og reguleringssvanskar, tilknytningsforstyrring, autismespekteret o.l), psykisk helseutfordringar og rus vil vera ei føremon
- Kartleggings- og observasjonskompetanse
- Kunna analysera og gjennomføra tiltak for enkeltelevar og grupper med utfordringar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny
dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
- Er positiv og blid, fleksibel og løysingssorientert
- Har eit positivt elevsyn
- Likar utfordringar,er sjølvstendig, kreativ, strukturert og modig
- God på relasjonsbygging
- Klarer å stå i krevjande situasjonar over tid
- Møter menneske med respekt og omtanke, uavhengig av åtferd
- Viser høg etisk standard
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad
spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert
samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad
ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle
kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam
på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege
sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom
oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Om Kvam herad
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å
oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for
aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har
eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt
kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei
8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande
skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens
pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate,
strandveg og bystrand.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
27.11.2022Stillingsfunksjon
MiljørettleiarHeltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5610, ØYSTESE
KVAM
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
4869624Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 11.11.2022