Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Oppveksteininga - skulane i Kvam

Miljørettleiar i grunnskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera ein del av miljørettleiar- laget i skule?

Kvam herad styrker laget rundt elevane med fem nye miljørettleiarar i 80 % stilling kvar til barne- og ungdomsskulane våre.

Me søkjer trygge og gode miljørettleiarar som brenn for at elevane skal ha det bra på skulen! I denne stillinga får du jobba med einskild elevar, på klassetrinn og laga miljøtiltak på skulenivå. Me treng modige og trygge vaksne som likar elevane, viser at dei har tru på dei og finn løysingar om noko er vanskeleg.

I Kvam veit me at:

-       all åtferd er språk

-       elevane gjer så godt dei kan

-       alle elevar høyrer heime på skulen

-       elevar er ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskeleg

 
Målsetjinga er at alle elevane våre skal oppleva at dei vert sett, forstått og får oppleva meistring i skulekvardagen. Eit trygt og godt skulemiljø er ein føresetnad for at læring skal skje.

I tillegg til arbeidet på ein eller to skular, får miljørettleiarane treffa kvarandre for å dela erfaringar og kompetanse, og vera med på å laga system innan trygt og godt skulemiljø i Kvammaskulen. Som miljørettleiar jobbar du tett med leiinga på skulen, hjelpetenester og dei andre miljørettleiarane i Kvam. Miljørettleiarane kan også få rettleiingsoppgåver inn mot tilsette i skulen, og gi informasjon til/ samarbeida med føresette. Då det er ledige stillingar på ulike skular, er det fint om du oppgir om du har preferansar med tanke på alderstrinn og skule.

Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med einskilde elevar og elevgrupper med ulike utfordringar;  i klasserom, ute, på andre opplæringsarenaer evt. heime hjå elevar
  • Samarbeida tett med kontaktlærarane og andre tilsette på skulen og saman utvikla gode læringsarenaer for elevane
  • Samtala med einskilde elevar, organisera aktivitetar i friminutt, og iverksetja miljøførebyggjande tiltak og rutinar på individ, gruppe og skulenivå
  • Samarbeida med og rettleia lærarar/støtteteam og leiing ved skulen
  • Samarbeida med andre instansar ved behov; helsesjukepleiar, PPT, barnevern, BUP osv
  • Ha opplæring med og støtta elevrådet ved skulen
  • Skapa gode relasjonar med elevar og føresette

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning (min. bachelor);  barnevernspedagog/vernepleiar/sosionom/helse/pedagogikk
  • Relevant vidareutdanning eller arbeidserfaring knytt til barn med samansette utfordringar(relasjon- og reguleringssvanskar, tilknytningsforstyrring, autismespekteret o.l), psykisk helseutfordringar og rus vil vera ei føremon
  • Kartleggings- og observasjonskompetanse
  • Kunna analysera og gjennomføra tiltak for enkeltelevar og grupper med utfordringar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.

 

 Personlege eigenskapar

  • Er positiv og blid, fleksibel og løysingssorientert
  • Har eit positivt elevsyn
  • Likar utfordringar,er sjølvstendig, kreativ, strukturert og modig
  • God på relasjonsbygging
  • Klarer å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Møter menneske med respekt og omtanke, uavhengig av åtferd
  • Viser høg etisk standard

 

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

 

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Om Kvam herad
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand.