• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Kaupanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573071
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Miljørettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kaupanger skule ligg i vekstbygda Kaupanger, om lag 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Kaupanger skule er 1-10-skule med elevar frå 6-16 år.  Det er  222 elevar ved skulen. Det er til saman 36 tilsette ved skulen og SFO.

Skulen i «skogen» er prega av eit godt og inkluderande skulemiljø med positive elevar, føresette og tilsette.

 

Me har eit mål om at alle elevane våre har ein god og trygg skulekvardag – kvar dag! 

 

Kaupanger skule har ledig fylgjande stillingar:

  • 160% fast stilling 
  • 100% vikariat skuleåret 24-25 

 

Om stillingane: 

  • Stillingane er knytt til både skule og SFO.
  • Arbeid med elevar/klassar i skulen. 
  • Arbeid i SFO før og etter skuletid, og på elevfrie dagar/feriar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Jobbe med born/ungdom individuelt og gruppe i skulekvardagen.  
  • Ha medansvar for tilsyn, omsorg og målretta arbeid i skule og SFO.  
  • Bidra til å skape gode aktivitetar i tråd med skulen sine verdiar.  
  • Delta skapande, vere undrande og nysgjerrig.  
  • Bidra til å skape eit læringsmiljø som stimulerer til deltaking, undring og læring.  
  • Ha ansvar for eigne aktivitetar.  
  • Delta i utviklingsarbeid.  
  • Ta imot, og gi rettleiing.  
  • Bidra til godt og nært samarbeid mellom skule/SFO og heim.   
  • Noko av arbeidet er knytt til einskildelev med særskilde behov.

 

Kvalifikasjonar:

  • Det er ynskjeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning eller utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant bakgrunn og kompetanse kan også bli vurdert.  
  • God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner 
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing 
  • Arbeidserfaring med born/ungdom frå skule og SFO  

 

Personlege eigenskapar:

  • Glede og interesse for arbeid med barn og ungdom. 
  • Føremon med erfaring frå å jobbe med barn & ungdom. 
  • Må kunne organisere grupper i tilrettelagde aktivitetar.  
  • Omsorgsfull, engasjert  og løysingsorientert.  
  • Du har godt humør - og bidreg i eit godt arbeidsmiljø. 

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

 

Utlysinga gjeld og for andre miljørettleiarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2024-2025. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidstilhøva dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Kaupanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573071
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024