• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573067
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Miljørettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leikanger barneskule er ein 1 – 7 skule der me i dag har 190 elevar fordelt på 10 klassar. På SFO`en vår, Bjørnehiet har me 98 barn. Totalt har me 30 tilsette på skule og SFO. 

Skulen vår ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta både i skuletida og i skulefritidsordninga vår. Me har to skulebygg der det eine vart bygd tidleg på 80 - talet medan det andre bygget stod ferdig på 90 – talet. 

Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; klasseleiing, BTI – betre tverrfagleg innsats, utviklingsprosjektet leseglede, og fokus på IKT. 

 

Me søkjer etter miljørettleiarar både i faste og midlertidige stillingar. Me ynskjer tilsette som er tydelege og trygge leiarar for elevane våre og har evne til å skape gode relasjonar, både med elevane, foreldra og kollegiet. Du må ha evne til å sjå enkelteleven i gruppefellesskapet.

 

Arbeidsoppgåver: 

 

  • Stillinga inneber jobbing både i skule- og SFO tida.  
  • Jobbing i klassar og styrking og oppfølging av barn.  

 

Kvalifikasjonar: 

 

  • Miljørettleiar, fagarbeidar eller erfaring med barn og unge. 

 

Ved Leikanger barneskule og Sfo tilbyr me: 

  • Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Løn etter avtaleverket 

 

Utlysinga gjeld og for andre miljørettleiarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2024-2025.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573067
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024