• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4715124
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Miljørettleiar 100% vikariat - Tranevågen ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i overkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære behov.

Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.

Skulen er utviklingsorientert, og det er vi opptatt at vi skal vere ein skule som er i takt med tida. Vi ha den siste tida hatt ekstra fokus på at vi skal bidra til at elevane får ei relevant opplæring for deira framtid, der medverknad og inkludering er sentrale både på fysiske og digitale arenaer.

Den siste tida har det vore behov på skulen, der vi må arbeide førebyggjande opp mot elevar som har ulike utfordringar og treng ei anna tilnærming til skulekvardagen enn fleirtalet av dei andre elevane. Vi søker no etter ein miljørettleiar i 100% frå snarast og fram til 31.07.23.

Oppgåver:

  • Målretta miljøtereputisk arbeid med elevar knytt til ulike sosialemosjonelle vanskar
  • Førebyggjande systemarbeid, og rettleiing av andre tilsette
  • Samarbeid med ulike samarbeidspartar for dei elevane ein følgjer opp
  • Deltaking i sosialpedagogisk team
  • Noko skriftleg arbeid må påreknast

 Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar eller pedagog kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
  • Førerkort klasse B
  • AART – instruktør kurs
  • God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og løysningsorientert
  • Liker å samhandle med andre, og få til ting i lag
  • Pliktoppfyllande og punktleg
  • Kan takle høgt arbeidspress og ulike utfordrande situasjoner med elevar
  • Er ein lojal lagspelar

Anna: 

Menn oppmodast til å søke stillinga

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4715124
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune