• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    12.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5030530
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljørettleiar 100% fast, ungdomskulane i Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobba med å skapa ein positiv kvardag?

Miljørettleiar 100% fast – Fjell ungdomsskule, Tranevågen ungdomsskule, Sund ungdomsskule og Øygarden ungdomsskule

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Vi har lyst å retta fokus på at elevane våre skal ha ei fin skuletid og ha gode dagar hos oss. Då ser vi etter deg som er god på å byggja relasjonar, er smilande og positiv. Du vil vera ein ressurs i skulemiljøet, både for elevar og tilsette. Dei fire ungdomsskulane våre skal alle tilsetja ein miljørettleiar kvar. Er det deg?

 

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøterapeutisk arbeid med elevar knytt til ulike sosialemosjonelle vanskar
  • Førebyggjande systemarbeid, og rettleiing av andre tilsette
  • Samarbeid med ulike samarbeidspartar for dei elevane ein følgjer opp
  • Deltaking i sosialpedagogisk team
  • Noko skriftleg arbeid må påreknast

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar eller pedagog kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
  • Førarkort klasse B
  • AART – instruktørkurs
  • God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen

 

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og pålogga – du liker å gje det litle ekstra for at dei rundt deg skal få ein fin dag
  • Sosial –  du liker å samhandla og skapa noko saman med andre
  • Lojal lagspelar  - du liker å spela andre god og få fram det beste i dei rundt deg
  • Trygg – du kan stå i ei rolle med høgt arbeidspress og ulike utfordrande situasjonar med elevar
  • Tillitvekkande – du skapar rom for ein god prat og er ein å stola på

 

Anna:

  • Menn blir oppmoda til å søke stillinga

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Bente Kleppe Lervik, rektor Fjell ungdomskule, tlf 55 09 77 02

Anne Hufthammer, rektor Sund ungdomskule, tlf 56 12 26 04

Rune Golf, rektor Tranevågen ungdomskule, tlf 55 09 63 02

Trine Omland, rektor Øygarden ungdomskule, tlf 55 09 61 00

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

 

Etter utløpet til søknadsfristen, blir det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, blir søkaren varsla om dette.

 

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal bli tatt til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    12.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5030530
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.02.2023