Detaljer

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    13.12.2020
  • Sted:
    KABELVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    NORDLAND
  • Arbeidssted:
    KABELVÅG
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3286797
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Miljørådgiver

Nasjonalt senter for utbygging i Kabelvåg har i dag 20 tilsette. Hovudoppgåva er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i farleier i heile landet. Senteret har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjekt- og byggeleiing, miljø samt kvalitetssikring og SHA. 


Som miljørådgivar ved senter for utbygging får du ansvar for å bistå med miljøfaglig rådgiving i alle fasar av utbyggingsprosjekter i marint miljø, ivaretaking av ytre miljø, koordinering av eksterne ressursar og gjennomføring av søknadsprosesser mm.

Stillinga lyses ut som eit 12 månaders vikariat for å sikre avdelingas kapasitet og miljøkompetanse gjennom 2021. Stillinga skal bidra til at avdelinga ivareta miljø og klima på best mulig måte under gjennomføring av pålagte oppgåver og prosjekter. Du skal bidra til å utvikle fagområdet slik at Kystverket kan være ein ledande etat innan miljøarbeidet. Noe reising må påreknas i forbindelse med pågåande prosjekter. Reiseaktivitet vil måtte tilpassast eventuelle reiserestriksjonar i forbindelse med coivd-19.

Arbeidsstad for vikariatet er Kabelvåg i Lofoten. 

Arbeidsoppgåver

Rådgiving i alle fasar av utbyggingsprosjekter i marint miljø, ivaretaking av ytre miljø, koordinering av eksterne ressursar, gjennomføring av søknadsprosesser mm. 
Vidareutvikle metode for oppfølging og rapportering av klimagassbudsjett og - regnskap for Kystverkets anleggsprosjekter.
Ansvar for å ivareteke marint miljø i store og utfordrande prosjekter, utstrakt kontakt med myndigheter og tett oppfølging av entreprenør.
Delta i faglige nettverk, fora og arbeidsgrupper på vegne av Kystverket.

Kvalifikasjonar

Minimum 5 års utdanning innan miljøfaglig retning. 
Minimum 3 års relevant erfaring frå offentleg verksemd, rådgivingskontor eller entreprenørverksemd.
Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med klimagassbudsjett og -regnskap frå anleggssektoren.
Stillinga krev gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk. 

Personlege eigenskapar

Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med evne til å jobbe tverrfaglig.
Framtidsretta, engasjert og påliteleg.

Vi tilbyr

Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver.
Eit kollegialt og utviklande fagmiljø.
Gode velferdsordningar.
Fleksibel arbeidstid.
Kystverket er ei IA-bedrift.
Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten. 
Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Stillinga er plassert i kode 1434/1364 som rådgivar/seniorrådgivar iht Kystverkets lønnspolitiske plan. Startlønn frå kr 555 800 (ltr 62), til kr 726 400
(ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.  

Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentligheitslova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.