Company
Kvam HeradApplication deadline
19.03.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
2Career-kode
5044999Look here for other jobs from Kvam Herad
- Updated 03.03.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Kvam Herad
Miljøarbeidarar - bufellesskap Øystese
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.
Me har ledig 2 årsvikariat som miljøarbeidar i bufellesskap Øystese frå snarast. Arbeid i todelt turnus der flest vakter er seinvakter og med arbeid 3. kvar helg. Det er god moglegheit for stillingsauke.
Me ønskjer å bidra til at:
- tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet
- ha gode relasjonar til dei rundt seg
- ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet.
Bufellesskap Øystese har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjeneste til personar i 5 ulike bufellesskap. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Norsk autorisasjon som har helsefagarbeider eller fagbrev som barne - og ungdomsarbeider.- det er også mogleg for andre å søkje med relevant erfaring/ utdanning.
- Førarkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg
- Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon sommeren 2023 oppmodast også til å søkja
- Alle som yt tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som har:
- gode relasjons- og og kommunikasjonsevner
- formell kompetanse og relevant erfaring innan fagfeltet
- evne til arbeida med målretta miljøarbeid, er systematisk og ryddig som person
- gjennomføringsevne og vilje til jobba aktivt i forhold til å fremja sjølvbestemming og meistring hjå brukar
- gode haldningar, god lagspelar og kollega
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Company
Kvam HeradApplication deadline
19.03.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
2Career-kode
5044999Look here for other jobs from Kvam Herad
- Updated 03.03.2023