Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
15.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4696043Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 09.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Miljøarbeidar/Miljøterapeut - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du arbeida saman med oss og vera med på å vidareutvikla tenesta til menneske med rusproblem? Har du stort engasjement for fagfeltet og deler raust kunnskap og erfaring med andre? Er du opptatt av verdien av meistring, aktivitet og arbeid for alle? Då ynskjer vi å snakke med deg.
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar/miljøterapeut.
Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga har driftskontor på Manger, Knarvik og Frekhaug, samt eit rusteam som gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga gjev tilbod på dagtid, men arbeid på kveldstid kan forekomme.
Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar.
Denne stillinga er primært knytt til rusteamet, og spesielt til «Arbeidsaktiv». «Arbeidsaktiv» er eit arbeid,- og aktivitetstilbod for personar med rusrelaterte helseproblem. Måla er auka meistring og betre livskvalitet gjennom aktivitetar, trening og arbeid, samt gjere den enkelte deltakar betre rusta til å ta steget ut i arbeid, eller kunne nyttiggjere seg av tilboda NAV har på dette området.
Gjennom arbeid og aktivitet prøver me å ivareta den enkelte deltakar sine ønskjer og behov, slik at utfordringar og krav vil gje gode opplevingar av meistring og utvikling.
Arbeid i heile avdelinga må påreknast etter behov. Stillinga er ledig frå 01.10.2022.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og tilretteleggje for arbeid og aktivitet saman med tilsette i rusteamet, avdeling for drift og vedlikehald og brukarar
- Rettleie til auka meistring gjennom tilpassa støtte og opplæring i utføring av arbeidsoppgåver og i ulike aktivitetar
- Skape eit godt miljø og gode arbeids- og aktivitetsoppgåver for deltakarane
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Relevant fagbrev/høgskuleutdanning
- Sertifikat klasse B
Relevant arbeidserfaring på minimum 5 år kan kompensere for manglande utdanning.
Ønskt kompetanse
- Erfaring frå menneske med psykiske helse- og ruslidingar vil vere ein fordel
Arbeidserfaring frå liknande arbeid vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
Som miljøarbeidar/miljøterapeut har du evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg. Du er tolmodig og god til å motivere andre. Som kollega er du initiativrik og kreativ, samarbeidar godt og kan jobbe sjølvstendig når det trengs. Du har evne til å etablere og stå i relasjonar over tid.
Det leggjast vekt på eignaheit for å jobbe med målgruppa og tiltaket, samt interesse for å aktivt delta i utvikling av tenesta.
Vi oppmodar menn til å søkje.
Vi tilbyr
- Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
- Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
- Rettleiing
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
15.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4696043Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 09.07.2022