• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5200132
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 20.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Miljøarbeidar i Integreringstenesta - 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig stilling som miljøarbeidar i Integreringstenesta frå august 2023. Fjaler kommune har busett nærare 100 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem. For tida er det 2 faste stillingar i tenesta. Frå 1. august vert Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling næraste overordna.

Som miljøarbeidar hos oss, vil du ha tett samarbeid med dei 2 andre tilsette og leiaren i Integreringstenesta. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.

 

Arbeidsoppgåver 
  • Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
  • Kontakt med arbeidsgjevarar og oppfølging av deltakarar i språkpraksis
  • Praktisk arbeid i samband med busetjing
  • Rettleiing på personleg økonomi og bustad
  • Oppfølging fritid barn og unge
  • Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
  • Vere med å sikre god oppfølging av den einskilde i samarbeid med mellom anna lege/helsestasjon, skule/barnehage, vaksenopplæring og NAV.
  • Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid kan bli aktuelt i periodar
Kvalifikasjonar
  • Minimum helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing av menneske er ein føremon, men ikkje noko krav
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
  • Interesse for integreringsarbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide løysingsorientert, strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel, som gjer at du raskt kan gå frå den eine til den andre oppgåva
Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5200132
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 20.05.2023