Ledig stilling

Ål Kommune

Miljøarbeidar/ helsefagarbeidar / assistent

Offentlig forvaltning

Miljøterapitenesta gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Dette inkluderer heildøgns tenester, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand og opplæring samt pårørandestøtte.

Me har ledig faste stillingar som miljøarbeidar i begge avdelingane.

Avdeling 1

  • 60-80% som nattevakt i turnus med kvar 3.helg
  • helgestilling på 14-20% kvar 3.helg

Avdeling 2

  • inntil 100% i turnus med kvar 3.helg
  • 30-90% som nattevakt i turnus med kvar 3.helg
  • helgestilling på 14-20% kvar 3.helg

 Arbeidsoppgåver er mellom anna

  • å gje heilskapleg og individuell helse og omsorgstenester gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • god oppfølging av samarbeid mellom brukarar og pårørande
  • å sikre og ivareta god brukarmedverknad
  • å ha fokus på bebuarane sine ressursar, meistring og god livskvalitet
  • målretta miljøarbeid og følgje med på aktivitetar
  • legemiddelhandtering

 Me søkjer deg som 

  • har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar. Me oppmodar andre med relevant fagkompetanse eller realkompetanse til å søkje
  • har førarkort klasse B
  • har gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg (minimum B2-nivå) og datakunnskapar
  • er initiativrik og som bidrar til utvikling
  • er lojal mot fagsystemer 
  • har kunnskap og/eller erfaring om målrettet miljøarbeid
  • har gode samarbeidsevner.
  • har kunnskap om utviklingshemming 
  • har erfaring med utfordrende atferd
  • har kjennskap til aktuelle lovverk, herunder HOL kapittel 9

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

 Me tilbyr

  • fagleg spennande og varierte oppgåver 
  • eit godt arbeidsmiljø
  • todelt turnus, dag/kveld og arbeid kvar 3.helg. Det blir i dag lagt til rette ulike turnusordningar med vaktlengder frå 8 t til 14 t
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, pensjonsordning i KLP
  • rekruttere - og behaldetillegg

  Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

Velkomen som søkjar!