• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.10.2021
  • Sted:
    Lindås
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Lindås
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4152952
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Miljøarbeidar/assistent - 26,41 % fast stilling

Alver kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig to faste helgestillingar som miljøarbeidar/assistent i langvakter 12,5 t med arbeid kvar 4. helg fredag, laurdag og søndag. 

Stillinga er for tida knytt til Skrenten omsorgsbustad pluss på Lindås.  

Om heildøgnbemanna butilbod

Psykisk helse og rus avdeling Lindås, er eit heildøgnbemanna butilbod med to omsorgsbustader pluss som består av bustadene Skrenten og Krossleitet. Avdelinga gjev tilbod til 11 personar.

Målgruppa for tenesta er mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar med behov for tenester og tilsyn gjennom døgnet i eigen bustad. Tenesta har som mål å skape gode og trygge butilhøve og hjelpe enkeltmenneske til å leve mest mogleg sjølvstendige liv ut ifrå ei recoverybasert tenking.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø
  • Relasjonsarbeid med fagleg tilnærming
  • Gjennomføre og legge til rette for naudsynt helsehjelp
  • Samtaler og aktivitet etter vedtak tilpassa den enkelte
  • Bidra til godt bu- og arbeidsmiljø som medmenneske og fagperson
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod
  • Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd

Krav til kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med målgruppa eller med helsefagleg utdanning
  • Sertifikat klasse B
  • Medisinkurs er ein fordel, men ikkje eit føremon

Personlege eigenskapar

  • Du liker å arbeide med mennesker og har engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus
  • Du er trygg i deg sjøl og i møte med andre
  • Du arbeidar jobbar godt i team og trives i eit høgt fagmiljø
  • Du er ein motiverande og god kollega

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling
  • Rettleiing
  • Tilsetjing ihht. avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP
  • Løn etter avtale

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 
  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.10.2021
  • Sted:
    Lindås
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Lindås
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4152952
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune