• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2022
  • Stillingsfunksjon
    Engasjement
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4628449
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 19.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Miljøarbeidar - 200 % midlertidig stilling

Offentlig forvaltning

Stillingstype

På grunn av stor auke i busetting av flyktningar i Vestnes kommune er det er ledig 200 % stilling midlertidig stilling som miljøarbeidar i Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta i perioden 01.08.2022 -31.07.2023. Det kan vere mogleg å starte tidlegare enn oppgitt dato.

 

Arbeidsstad

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta.

 

Arbeidsoppgåver

- Oppfølging av nyankomne busette flyktningar

- Rettleiing innanfor bustad og økonomi

- Bidra til deltaking i fritidsaktivitetar

- Oppfølging av familiar

 

Noko arbeid utover normal arbeidstid må påreknast.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har høgare utdanning innan helse og sosial. Anna relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning

- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeidarbeid i Norge

- erfaring i arbeid med innvandrarar

- datakunnskap

- relevant praksis

- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

- erfaring eller vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ønskeleg

- Førarkort klasse B

 

Det er en fordel å ha god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem, arbeidsliv, fleirkulturell forståing.  

 

Personlege eigenskapar

- du må være fagleg engasjert

- fleksibel

- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

 

Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å finne gode løysningar. Du må være tolerant og open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på. Det kan omfatte tema som religion, barneoppseding eller mattradisjonar. Dette krev ofte god kjennskap til eigne verdiar og normer. 

 

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

- løn i høve gjeldande avtaleverk

- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års

  ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet

- kommunen er IA- bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

 

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i

pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt

elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

Søknadsfrist:

12.06.2022

 

Arbeidsstad:

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta

 

Kontaktperson

Kathrin Furland, Einingsleiar/rektor, tlf. 40891183, kathrin.furland@vestnes.kommune.no

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2022
  • Stillingsfunksjon
    Engasjement
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4628449
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 19.05.2022