• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    21.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3537091
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 02.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Merkantil konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tenesta:

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 15 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge. Busetjing av einslege mindreårige flyktningar ligg og til Sogn barnevern, med eigne tilsette miljøterapeutar.

Stillingsinformasjon:

Sogn barnevern har ledig 100% fast stilling som merkantil konsulent. Noverande merkantil konsulent går over i anna stilling i Luster kommune, og vi søkjer etter ein engasjert, målretta og sjølvstendig kollega. Den rette personen vil få mykje ansvar og ta del i utviklinga av tenesta. Stillinga er ledig frå snarast.

Arbeidsoppgåver:

· Bidra i tenesta sitt utviklingsarbeid.

· Bidra til effektivisering og digitalisering.

· Superbrukar i ulike fagprogram; Familia, Visma, ESA m.m.

· Løyse tekniske problem og utfordringar.

· Delta på rapporteringsarbeidet til tenesta.

· Vidareutvikle interne rapporteringsløysingar.

· Merkantile oppgåver i samband med sakshandsaming, økonomi og administrasjon.

· Utarbeiding av engasjementavtalar og utbetalingsplanar

· Ansvar knytt til arkiv.

· Dokumenthandtering/registrering.

· Anna førefallande merkantilt arbeid, t.d. handtering av post, kopiering av mapper m.m.)

Den merkantile konsulenten skal følgje sakshandsamingsreglar i forvaltningslova, offentleglova, barnevernslova, arkivlova m.m.

 

Kvalifikasjonar:

Minstekrav

· Kontor-, eller administrasjonsfag.

· Lang arbeidserfaring innan feltet kan kompensere for utdanningskravet.

· Særskilt forståing og interesse for IKT og digitalisering

 

Ønska kvalifikasjonar

· Blid, positiv og engasjert.

· Erfaring frå relevant offentleg eller privat verksemd.

· Personleg egna.

· Særs gode datakunnskap; Outlook, Teams, Word, Excel, m.m.

· Kjennskap til bruk av ulike sakshandsamingsprogram.

· God kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg.

· Førarkort.

 

Eigenskapar:

· Fleksibel og løysningsorientert.

· Strukturert, ryddig og målbevisst.

· Effektiv og har stor ansvarskjensle. 

· Jobbar godt i team og har gode samarbeidseigenskapar.

· Respektfull og serviceinnstilt i møte med menneskjer.

· Godt humør og stå-på-vilje.

 

Vi tilbyr:

· Fagleg dyktige, løysningsorienterte og engasjerte kollegaer.

· Fagleg og personleg utvikling.

· Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver.

· Løn etter avtaleverket.

· Gode pensjonsordningar.

· Treningstilbod for tilsette.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Vi ynskjer at søknader blir sendt via vår rekrutteringsmodul EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    21.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3537091
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 02.03.2021