Ledig stilling

Vestnes kommune

Merkantil 100 %

Offentlig forvaltning

Stillingstype

På grunn av stor auke i busetting av flyktningar i Vestnes kommune er det er ledig 100 % Merkantil stilling i Eining for kvalifisering og integrering. Noko miljøarbeid i Flyktningtenesta er lagt til stillinga. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

- Resepsjonistoppgåver
- Sakshandsaming
- Oppdatere informasjon i våre system
- Fraværsgodkjenning/lønskøyring introduksjonsprogrammet
- Post og scanning
- E-handel og anna innkjøp til drifta
- Miljøarbeid i Flyktningtenesta

Noko arbeid utover normal arbeidstid må påreknast.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har utdanning innan kontorfag/administrasjon/økonomirelaterte oppgåver

- Gode datakunnskapar
- Kjennskap til våre kommunale system
- Relevant praksis
- Kan sette seg raskt inn i nødvendige digitale verktøy
- Førarkort klasse B
- Beherske engelsk og gjerne fleire språk
- Det vert stilt krav om politiattest
- Erfaring med miljøarbeid med born og vaksne med fluktbakgrunn
- Har fleirkulturell forståing

Personlege eigenskapar

-Gode evner til å organisere og å skape struktur
- Praktisk anlagt
- Gode samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel/tilpassingsdyktig
- Relasjonsbyggar
- Gode kommunikasjonsevner
- Tolerant
- Vere open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på
- Takle høgt arbeidstempo i periodar i forbindelse med busetting av nye flyktningar
Det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å finne gode løysningar. Du må være tolerant og open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på. Det kan omfatte tema som religion, barneoppseding eller mattradisjonar. Dette krev ofte god kjennskap til eigne verdiar og normer. 

Vi tilbyr

- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn i høve gjeldande avtaleverk
- Tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års
ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- Kommunen er IA- bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i
pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar


Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt
elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.