• Company
    Avisa Hordaland
  • Application deadline
    20.06.2021
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Media, informasjon og PR
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    Norsk
  • Address
    5704, VOSS
    VOSS
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3911471
  • Look here for other jobs from Avisa Hordaland
  • Updated 07.06.2021

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Avisa Hordaland

MEDIE­RÅDGJEVAR

Media, informasjon og PR

Avisa Hordaland er eit ambisiøst mediehus i vekst. Med eit opplag på over 8000 er avisa den største lokalavisa i gamle Hordaland fylke. Me har ein sterk posisjon i ­lokalsamfunnet og brenn for å skapa dei beste produkta og tenestane for kundane våre. No har ein topp-rådgjevar gått av med pensjon og me søkjer erstattaren hans. Er det deg?

Voss er regionsenter i Indre Hordaland og tilbyr eit rikt og aktivt friluftsliv heile året. Kommunen, med sine vel 16.000 innbyggjarar, er ein god stad å veksa opp og har eit breitt spekter av tilbod innan utdanning, kultur og idrett. Næringslivet er variert og det finst mange sosiale møteplassar.

Søkjer etter MEDIE­RÅDGJEVAR i 100% fast stilling

Vil du vera med og utvikla ein av dei viktigaste kommunikasjonsflatene for næringslivet på Voss?

Arbeidsoppgåver:
• Salsarbeid med aktiv kundeoppfylgjing
• Totalansvar for eiga kundegruppe
• Identifisera vekstmoglegheiter på tvers av mediehuset
• Skapa nye kunderelasjonar
• Laga marknadsplanar og strategi saman med kunden
• Gje kunden det beste løysingforslaget for å nå sine kundar i alle kanalar
• Arbeid både sjølvstendig og i gruppe

Personlege eigenskapar:
• Driv og engasjement for å skapa vekst
• Problemløysar med strategisk blikk
• Oppteken av personleg utvikling til det beste for deg og Hordaland
• Trivst med ein travel og variert arbeidskvardag
• God i nynorsk og motivert for godt språk, både skriftleg og munnleg
• Lika å snakka med folk og å samarbeida med både kollegaer og kundar
• Serviceinnstilt, resultat­orientert og kreativ
• Oppteken av kvalitet og jobbar effektivt
• Trivst med å jobba både i gruppe og aleine

Faglege kvalifikasjonar:
• Utdanning og/eller erfaring frå sal, gjerne frå media
• Sterk kunnskap om digital marknadsføring og sosiale media
• God nynorsk skriftleg og muntleg framstillingsevne
• Fordel med kunnskap om lokalområdet vårt
• Førarkort og disponibel bil

Me tilbyr:
• Konkurransedyktig løn
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kurs og kompetanseheving ved behov
• Moderne digitale arbeidsreiskapar
• Eit spennande og positivt arbeidsmiljø

Meir informasjon om stillinga får du ved å venda deg til sals- og marknadssjef Terje Øye på telefon 988 83 393 eller ansvarleg redaktør og dagleg leiar Guro Valland på telefon 455 19 727.

Skriftleg søknad og kortfatta CV sender du til terje.oye@avisa-hordaland.no innan 20. juni 2021


 

  • Company
    Avisa Hordaland
  • Application deadline
    20.06.2021
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Media, informasjon og PR
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    Norsk
  • Address
    5704, VOSS
    VOSS
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3911471
  • Look here for other jobs from Avisa Hordaland
  • Updated 07.06.2021