• Företag
    Tersan Havyard
  • Ansökningstiden
    Så snart som möjligt
  • Arbetsfunktion
    Håndverker
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Videregående skole
  • Arbetserfsrenhet
    5-8 år
  • Önskat språk
    Norsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andra arbetsplatser
    Hyllestad
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6666565
  • Se här för andra jobb från Tersan Havyard
Ledigt jobb

Tersan Havyard

Vil du vere med og halde hjula i gang på eit av Noregs mest spennande skipsverft?

Medarbeidar vedlikehald

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard er eit moderne skipsverft i Leirvik i Hyllestad. Me utfører nybygg, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av avanserte fartøy for både norske og internasjonale kundar. Med over 180 medarbeidarar er me i sterk vekst, og me søkjer no etter ein praktisk og løysingsorientert medarbeidar til vedlikehaldsavdelinga vår.

Vedlikehaldsavdelinga har ei sentral rolle i den daglege drifta av verftet. Avdelinga sørgjer for at utstyr, maskiner og fasilitetar fungerer som dei skal, og bidreg med støtte til produksjonen gjennom varierte arbeidsoppgåver.

 

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald av maskiner, utstyr og verftets installasjonar
  • Rigging, flytting og montering av utstyr
  • Enklare mekaniske reparasjonar
  • Bidra til orden og vedlikehald på verftsområdet
  • Andre førefallande arbeidsoppgåver etter behov

Kven er du?

Me ser etter deg som:

  • er praktisk anlagt og likar fysisk arbeid
  • har erfaring frå mekanisk arbeid eller industri
  • arbeider strukturert og tek ansvar
  • er sjølvstendig, men trivst godt med samarbeid
  • har fokus på HMS og kvalitet
  • er positiv, løysingsorientert og serviceinnstilt

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg at du har:

  • fagbrev innan industrifag, industrimekanikar eller anna relevant fagbrev
  • erfaring frå industri, skipsbygging eller vedlikehaldsarbeid
  • truckførarbevis (T1–T4)

Manglar du nokre av sertifikata, men har relevant erfaring og rett innstilling, oppmodar me deg likevel til å søkje.

Me tilbyr

  • Ei fast stilling i eit verft i sterk utvikling
  • Varierte arbeidsdagar og spennande utfordringar
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad kommune.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med teamleiar vedlikehald Cato Strandos på telefon 932 35 495

Søk i dag – me vurderer søknadar fortløpande.

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad til: people@tersanhavyard.no 

 

  • Företag
    Tersan Havyard
  • Ansökningstiden
    Så snart som möjligt
  • Arbetsfunktion
    Håndverker
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Videregående skole
  • Arbetserfsrenhet
    5-8 år
  • Önskat språk
    Norsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andra arbetsplatser
    Hyllestad
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6666565
  • Se här för andra jobb från Tersan Havyard