• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5164143
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 17.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Medarbeidar tilsyn / sakshandsamar utslepp

Offentlig forvaltning

Vatn er ein av våre viktigaste ressursar. Saman med oss vil du sørgje for god vasskvalitet og bidra til å ivareta naturen i Hallingdal. Dine oppgåver er å følgje opp vassdirektivet, handsame utsleppssøknadar og føre tilsyn med private avløpsanlegg. Fine sommardagar kan du stikke frå kontoret og vera ute i felt. 

Avdelinga er verstskap for kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning (KAV) for kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå, lokalisert på Torpomoen.

Arbeidsoppgåver

  • tilsyn og oppfølging av små avløpsanlegg
  • kartlegging og oppfølging av oljeutskiljar
  • sakshandsaming etter PBL/forureiningsforskrifta for avløpsanlegg
  • opprydding i spreidd avløp
  • rapportskriving etter tilsyn

Me ønskjer at du

  • har relevant utdanning, praksis eller erfaring med spreidd avløp
  • har erfaring frå avløpssaker og kommunal sakshandsaming
  • har kjennskap til ulike reinseprosessar i større avløpsreinseanlegg
  • har gode datakunnskapar
  • vilje og evne til å lære nytt
  • er serviceinnstilt, ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg på norsk
  • likar og har evne til å koma i kontakt med andre

Søkjarar må ha førarkort for bil.

Me tilbyr

  • varierte, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • arbeid ute i felt i sumarhalvåret
  • løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
  • hjelp til å skaffe bustad

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no)

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5164143
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 17.05.2023