Bedrift
Kvam kommuneSøknadsfrist
03.07.2022Bransje
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4673945Se her for andre jobber fra Kvam kommune
- Oppdatert 17.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam kommune
Me søkjer miljøarbeidar
Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.
Me ønskjer og bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet.
Fast stilling som miljøarbeidar i bufellesskap Øystese er ledig frå snarast. Stillinga er for tida knytt til arbeid i todelt turnus der flest vakter er seinvakter og med arbeid 3. kvar helg.
Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid og beste effektive omsorgsnivå.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg
- Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon sommeren 2022 oppmodast også til å søkja
Alle som yt tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som er:
Autentisk: Du er ærleg og redeleg, står opp for verdiane dine og vert opplevd som ekte.
Robust: Du er hardfør, seier ifrå og tåler både medgang og motgang.
Lagspelar: Du samarbeidar godt med andre, tek din del av fellesskapet sine oppgåver, samstundes som du motiverar og engasjerar kollegaer til å gjera det same. Du er lojal og trufast mot avgjerder. Du tar imot og gjev tilbakemeldingar.
Initiativrik, dynamisk, med god gjennomføringskraft: Du føreslår endringar der du ser behov. Du er omstillingsdyktig og initierer endringar der det er naudsynt, du gjennomfører det me har bestemt, planlagt eller avtalt.
Systematikar: Du er grundig, nøyaktig og metodisk, og evner å sjå dei store linjene i kvardagslege tiltak og aktivitetar.
Kunnskapsarbeidar: Du brukar lov, forskrift, faglege og etiske standardar aktivt i arbeidskvardagen og i møte med tenestemottakaren. Du bidrar til å oppretthalda kultur for dette i avdelingane.
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam kommuneSøknadsfrist
03.07.2022Bransje
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4673945Se her for andre jobber fra Kvam kommune
- Oppdatert 17.06.2022