Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
09.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5003, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6356245Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Matros til hurtigbåtar i Bergen
Ferger
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport, sentralt i Bergen!
Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eit nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen Sentrum.
Fjord1 søker etter ein matros som ønsker å bli ein del av besetninga på hurtigbåt i Bergen, og bidra i selskapet si grøne satsing i hurtigbåtnæringa.
I denne stillinga må ein rekne med å tjenestegjere på alle fartøya i sambanda.
Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
Med moglegheit til å reise heim etter endt vakt og i helger. Vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden.
Relevante kandidatar vert kontakta fortløpande.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel vaktordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilby gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Kvalifikasjoner:
- Fagbrev som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikajonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftleg
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap
- Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
- Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Hybelordning i arbeidsperioden
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
09.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5003, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6356245Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA