Company
Fjord1 ASAApplication deadline
26.05.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
8275, STORJORD I TYSFJORD
HAMARØY
Number of positions
1Career-kode
6620515Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Matros i sambandet Bognes-Skarberget, p.t. MF Glutra
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Bognes-Skarberget, p.t. MF Glutra
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
I denne stillinga jobber du 2 veker på og 2 veker fri. Ferja går på dag og det er mulighet til å bu ombord i skiftperioden. I tillegg vil du få 6 vekers sommarferie.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Kvalifikasjoner:
- Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- MES opplæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheter, treningsstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av, 6 vekers sommarferie.
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
26.05.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
8275, STORJORD I TYSFJORD
HAMARØY
Number of positions
1Career-kode
6620515Look here for other jobs from Fjord1 ASA