• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    30.11.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5108, HORDVIK
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6767706
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Matros i 2:4-turnus!

Ferger

Ser du etter ein jobb med ansvar, variasjon og gode friperiodar?

Som matros i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta p.t i sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, p.t. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen. Her vil du bidra til å halde fartøyet driftsklart og seile ut på samband der det er behov for ekstra kapasitet, avløysing eller støtte i samband med planlagde verkstadsopphald.

Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke. 

I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.

Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Kvalifikasjoner:

  • Ferdighetssertifikat matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper

 Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

    Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Turnus: 2 veker på, og 4 veker fri, 98 timars arbeidsvekeveke.
  • Vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
  • Ein bur om bord når ein er på vakt.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
     

    • Företag
      Fjord1 ASA
    • Ansökningstiden
      30.11.2026
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Anställningsform
      Permanent
    • Bransch
      Ferger
    • Utbildningskrav
      Påkrevet
    • Arbetserfsrenhet
      Ønskelig
    • Adress
      5108, HORDVIK
      BERGEN
    • Antal befattningar
      1
    • Karriere-kod
      6767706
    • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA