• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    03.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5956, HUNDVIN
    ALVER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6685394
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Matros i 2:4-turnus!

Ferger

Fjord1 søker matros til sommerrute og ressursgruppe i region Vestland.

Denne stillinga er todelt og gir deg ein variert arbeidskvardag i Fjord1. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland, der du bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og fartøy ved behov.

Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 98-timars arbeidsavtale.

Som ein del av ressursgruppa vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Det er derfor ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. Dekking av reiseutgifter gjeld berre for perioden ein inngår i ressursgruppa.

Dette er ei spennande og variert stilling som gir deg høve til å bli kjent med fleire fartøy, samband og kollegaer på tvers av regionen. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein fleksibel arbeidskvardag.

Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Kvalifikasjoner:

  • Ferdighetssertifikat matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper

 Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

    Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Skiftordning: 98 timars arbeidsvekeveke, 2 veker på, og 4 veker av.
  • Ein kan bu om bord når ein er på vakt i sommarruta.
  • Reisekostnader over 15 km til og frå arbeid blir dekka av arbeidsgjevar når ein inngår i ressursgruppa.
  • Gode velferdsordningar: som mulegheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    03.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5956, HUNDVIN
    ALVER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6685394
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA