• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    01.10.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5035, BERGEN
    BERGEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6718335
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Matros i 2:2 turnus 

Ferger

Fjord1 har no ledig stilling som matros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland. 

Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84-timars arbeidsavtale.

Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. 

I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand, då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Ønskeleg med oppstart snarest. 

Kvalifikasjoner:

  • Ferdigheitssertifikat matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper, muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

    Vi tilbyr:

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
    • Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.
    • Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til og frå arbeid over 15 km.
    • Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
     

    • Company
      Fjord1 ASA
    • Application deadline
      01.10.2026
    • Fulltime/Parttime
      Fulltime
    • Form of employment
      Permanent
    • Industry
      Ferger
    • Educational qualification
      Påkrevet
    • Work experience
      Ønskelig
    • Address
      5035, BERGEN
      BERGEN
    • Number of positions
      1
    • Career-kode
      6718335
    • Look here for other jobs from Fjord1 ASA