• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    25.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5635, HATLESTRAND
    KVINNHERAD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6560027
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Matros Gjermundshamn - Varaldsøy-Årsnes

Ferger

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Arbeidsstaden vil p.t. være på trekantsambandet Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes, p.t. om bord i MF Lærdal, bygd i 1997 og oppgradert til hybridferje med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. 

På dette sambandet jobbar ein 12‑timars vakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av to veker fri.

Fjord1 tilbyr ein einebustad for mannskapet på kaien, berre få steg frå arbeidsplassen. I same område finn du òg matbutikk og treningsmoglegheiter, som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden.

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring  
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
  • Skiftordning: 12 timers vakt, 1 veke dag og ei veke natt. 2 veker på jobb og 2 veker fri.
  • Rederiet tilbyr bustad på kaien i arbeidsperioden.
  • Treningsmoglegheiter og daglegvarebutikk i nærleiken av bustad.
  • Gjennom velferden kan ein søke om å få refusjon for treningsutgifter. 
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    25.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5635, HATLESTRAND
    KVINNHERAD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6560027
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA