• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    02.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6409, MOLDE
    AUKRA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6683736
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Matros, Aukra-Hollingsholmen

Ferger

Ønsker du arbeid i maritim næring, der du samstundes kan bu heime kvar dag? Då har vi stillinga for deg. 

På sambandet Aukra-Hollingsholmen trafikkerer el-farga MF Norangsfjord. Her blir du ein del av eit dyktig og engasjert mannskap som speler ei nøkkelrolle i lokalsamfunnet. Skiftordninga er to veker på, to veker av. Du går ei veke natt og ei veke dag. I denne ordninga kan man sjå familie og søve i si eiga seng kvar dag, samstundes som man får lengre friperiodar. I tillegg tilbyr vi attraktive velferdsordningar, god pensjonsordning og konkurransedyktige lønnsvilkår. 

Aukra-Hollingsholmen er eit travelt samband med mange avgånger per dag, så stillinga krev at du er robust og har dei fysiske forutsetningane på plass. Dersom du er ein med interesse for ekstraarbeid i friperioder er det gode moglegheiter for det.

Søkar må bu lokalt.

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev/ferdigheitssertifikat matros, eller nok fartstid til å mønstre som matros er obligatorisk for stillinga
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring (kan ikkje ha begrensningar på fargesyn)
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftleg.

Personlige egenskaper:

    Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    02.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6409, MOLDE
    AUKRA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6683736
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA