Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
13.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5635, HATLESTRAND
KVINNHERAD
Antal befattningar
1Karriere-kod
6609332Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Matros 1:2 turnus
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Gjermundshamn - Årsnes, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Sildafjord.
Turnusen er 1 veke på jobb og 2 veker fri. Dette gir lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Under arbeidsperioden er det mogleg å bu om bord. I nærområdet finn du og matbutikk og treningsmoglegheiter, noko som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørger for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Ønskeleg oppstart så snart som mogleg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre som matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom Norsk Sjømannsforbund.
- Turnus: 1 veke på arbeid og 2 veker fri.
- Moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Treningsmoglegheiter og daglegvarebutikk i nærleiken.
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
13.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5635, HATLESTRAND
KVINNHERAD
Antal befattningar
1Karriere-kod
6609332Se här för andra jobb från Fjord1 ASA