• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    06.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6947, LAVIK
    HØYANGER
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551941
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Maskinsjef til nye autonome ferjer  Lavik -Oppedal  

Ferger

Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.  


Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.


Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye maskinsjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.

Fjord1 har ledige stillingar som maskinsjef på ulike skiftordningar; 

  • 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode. 
  • Sjøvakt:  3 veker på og 3 veker fri (ordning kan blir endra til 2 veker på/av). Reise til/frå jobb blir dekka. 
  • Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute mandag-fredag og søndag).
  • Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar).

Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.

Oppstart:  etter avtale. 

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.


Kvalifikasjoner:

  • Kompetansesertifikat M3
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

    Vi tilbyr:

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
     

    • Företag
      Fjord1 ASA
    • Ansökningstiden
      06.04.2026
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Anställningsform
      Permanent
    • Bransch
      Ferger
    • Utbildningskrav
      Påkrevet
    • Arbetserfsrenhet
      Ønskelig
    • Adress
      6947, LAVIK
      HØYANGER
    • Antal befattningar
      1
    • Karriere-kod
      6551941
    • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA