• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    08.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5013, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6531239
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Maskinsjef til hurtigbåtane i Bergen!

Ferger

Vi søker ein maskinsjef som ønsker å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa. 

Som maskinsjef vil du ha ansvar for teknisk utstyr og maskineriet. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehold. Du blir ein del av brubesetninga om bord, saman med skipsførar og overstyrmann. Det er krav om fargesyn, då du vil vere ein del av utkikkfunksjonen.

Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.

  • Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
  • Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.                                                                                                                                                                                   

Du kan reise heim etter endt vakt, og dersom du treng det tilbyr vi hybel i arbeidsperioden.

I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3 opptil 3000 kW
  • Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
  • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

    Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Turnus: 12 dagar på og 16 dagar av.
  • Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    08.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5013, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6531239
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA