• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    01.02.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6947, LAVIK
    HØYANGER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6505133
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Maskinsjef reservefartøy Lavik -Oppedal, ein spennande og variert jobb 

Ferger

Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.  


Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.


Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye maskinsjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.

Fjord1 har ledig ei spanande stilling som maskinsjef på reservefartøyet MF Lifjord i sambandet Lavik-Oppedal, med base i Lavik , ca 2 timar nord for Bergen. 

I denne viktige rolla vil du vere utsjekka både på reservefartøy og hovedfartøy. Arbeidskvardagen blir variert, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evne til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.

Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette jobben for deg.

Skiftordning blir to veker arbeid og to veker fri, og vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84 timars veke.

Du vil også få ei sentral rolle i opplæring og utsjekk av mannskap på dei nye ferjene.


Kvalifikasjoner:

  • Kompetansesertifikat M3
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

    Vi tilbyr:

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.
    • Turnus: 2 veke på og 2 veker av, 84 timar pr. veke
    • Mannskap bur ombord i skiftperioden
    • Reise til og frå arbeidsstad blir dekka over 15 km
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
     

    • Company
      Fjord1 ASA
    • Application deadline
      01.02.2026
    • Fulltime/Parttime
      Fulltime
    • Form of employment
      Permanent
    • Industry
      Ferger
    • Educational qualification
      Påkrevet
    • Work experience
      Ønskelig
    • Address
      6947, LAVIK
      HØYANGER
    • Number of positions
      1
    • Career-kode
      6505133
    • Look here for other jobs from Fjord1 ASA