• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    06.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5956, HUNDVIN
    ALVER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6484555
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Maskinsjef Jondal-Tørvikbygd

Ferger

Vil du være om bord 25% og ha fri 75 % av året

Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår stillegåande, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.

Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

Arbeidet gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske kompetanse og erfaring i praksis, samtidig som du får moglegheita til å utvikle deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samenhengande fri. 

 

Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlige egenskaper:

     Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
  • Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på og 2 veker av.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    06.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5956, HUNDVIN
    ALVER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6484555
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA