• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    25.11.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5414, STORD
    STORD
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6457191
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Maskinsjef i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes, p.t. MF Julsund

Ferger

Er du klar for å jobbe 2 veker og nyte 3 veker fri?

 

Fjord1 styrkjer beredskapen i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes. I samband med dette blir det oppretta eit nytt skift og skiftordninga vil bli endra. Vi har difor ei ledig stilling som maskinsjef, p.t. om bord på MF Julsund. Denne hybridferja, bygd i 2004, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. 

Som maskinsjef på dette fartøyet vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på sambandet. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring.

Rederiet undersøkjer muligheita for hybel for dei med lang reisevei.

 

 Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

 Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt.  2 veker på jobb og 3 veker fri
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    25.11.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5414, STORD
    STORD
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6457191
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA